Om Fagforbundet Sogn og Fjordane
Vi skal bli den beste fagorganisasjonen av alle for
alle
Vi trur på fridom, likskap og
solidaritet
Vi lovar å gje hjelp når medlemmane treng
det
Vi er inkluderande og aktive lokalt
Vi har eit sterkt lag der vi gjer kvarandre gode, drar i same
retning, framelskar ulikheitar, er inkluderande og vi har det kjekt
saman.
Fagforbundet Sogn
og Fjordane organiserer 8195
medlemer pr. 22.10.2010, som sørgjer for at kvardagen
din fungerer. Våre medlemer arbeider i kommunale,
fylkeskommunale og private verksemder, i helseføretak,
kommunale føretak, i
barnehagane og i
kollektivtransporten.
Fagforbundet vart etablert 17.
juni 2003 da Norsk Kommuneforbund og Norsk Helse- og Sosialforbund
slo seg saman til eit nytt storforbund. Fagforbundet er det
største forbundet i landet med over 316.000
medlemar.
For deg som arbeidstakar representerer
Fagforbundet tryggleik i ei tid der
arbeidsløysa aukar. Vi kjemper på di side - for betre
lønn og tryggare arbeidsvilkår.
Fagforbundet Sogn og Fjordane er ein
av 19 fylkesorganisasjonar i Fagforbundet.
Namnet
Fagforbundet
Namnet
Fagforbundet signaliserer styrke, samhald,
solidaritet og omtanke. Som Noregs største fagorganisasjon
kan vi gjere dette namnet til vårt. Vi er ein maktfaktor
både innan fagrørsla og i samfunnet elles. Kampen for
å ta vare på det offentlige tenestetilbodet er ein av
dei viktigaste sakene.
Vil du bli med i Fagforbundet?
Vil du melde deg inn i Fagforbundet Sogn og
Fjordane - eller vite meir om oss?
Ta kontakt med våre lokale fagforeiningar eller ring fylkeskontoret 57 72 18 30


